torsdag 21. januar 2010

Oppg.2 "Den ufrivillig melankolske drosjeeieren"

Tema: Det å utrette noko viktig; gjere ein forskjell

Bodskap: Lukke er ikkje noko ein har, men noko ein er/lukke kan ikkje kjøpast, men må finnast.

Vilje: Alle har ei historie å fortelje, og det å ikkje dømme folk etter utsjånad/førsteinntrykk. Ein veit aldri kva slags historiar som ligg bak kvar enkelt.

Endringar i tekst:
min tekst er ikkje av dei lengste, med det er alltid rom for endring, for å komme nærmare essensen i teksten.
Har vald å fjerne linja "Norbatt. Kontigent XXIV Mek-tropp. KPA." i slutten av første avsnitt; pga at den først og fremst ikkje er naudsynt eller tilførar karakteren noko, samstundes er den tung å lese/seie. Vekk med seg! :)

Vidare vil eg droppe eit avsnitt om at karakteren har boblebad (3 linjer), det blir mest tom-preik, og trur ikkje karakteren vil miste noko på at eg tek vekk akkurat den delen.
("Jeg har boblebad jeg. Så det er jo ikke akkurat noe jeg sier fordi jeg ikke har råd." Osb)

Vibeke kom med to forslag til endring seinare i teksten, som eg ved ettertanke er enig i.
Når karakteren snakkar om at Chugum har blitt bitt av ein slange, så er det ei setning:
"Og det er noe dritt de slangene der. Alle slanger er dritt, men særlig de der nede."
På dette tidspunkt har det allereie blitt etablert at Chugum har blitt bitt av ein slange, me skjønnar at den er giftig, som er...vel, dritt. Klarar meg utan den setninga.

I nest siste avsnitt er det nokre greier som eg syns var vanskeleg å få sagt utan å stusse eller stoppe opp (dvs slutten av setninga, blir litt hakk i plata):
"Ja når vi var på perm, så var det jo damer og gambling og dyr sprit og hva vet jeg og det var et kjør og vi lo og knulla og knulla og lo, men"

No kan det kanskje verke som eg er prippen her og vil luke ut enkelte ord, men hadde faktisk problem med å skrive den siste greia der riktig, det er fort gjort å rote til (rekkefølge).

Men om eg droppar "Ja når vi var på perm..." og i staden byrjar avsnittet med:
"Akkurat den kvelden - da satt jeg der med kameratene mine og AG'en og en øl og visste at den - akkurat den ene dagen - det var den dagen jeg gjorde noe bra her i livet...osb".

For meg blir det meir kraftfullt og til poenget; visst er det sikkert relevant at min karakter husker tilbake til damer, gambling, dyr sprit og knulling, men det er dåden med å redde Chugum som betyr noko han!

No er det sikkert vanskeleg å forstå samanhengane her når eg ramser opp linjer (ikkje sikker på om det er meininga?) og fjerner ditt og datt, det hadde vore lettare med teksten foran seg.
Til mitt forsvar (for at dette blir helsikes langt) så veit eg ikkje nokon annan måte å gjere det på OG det er eit arbeidskrav ;-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar